Om oss

Norheimsund Elektro AS er autorisert elektroinstallatør gruppe L, og har lager i Sandvenhagen industrifelt.

 Vi utfører installasjonsarbeid i hus, hytter, landbruk og industri. Hovudvekta er på elektroinstallasjon, men vi leverer òg telefonsentralar, brannvarslingsanlegg, alarmar, varmepumper og nettverk for tele og data. Vi deltek òg i større prosjekt.

I butikken har vi eit stort utval innan kvitevarer, småelektrisk og lampar.

Norheimsund Elektro AS har 14 tilsette, og firmaet vart etablert 15. november 1999. Vi tek primært oppdrag i Kvam kommune, men tar òg oppdrag i Jondal, Samnanger, Voss og Bergen.

Norheimsund Elektro AS har ei rekke godkjenningar og autorisasjonar. Vi er godkjend lærebedrift, noko som betyr at vi kan ansette og lære opp lærlingar. Vi er også medlem av NELFO, foreningen for EL- og IT-bedrifter i Norge. Videre er vi godkjend teleinstallatør gjennom Nasjonal kommunikasjonsmyndighet samt registrert i DSB sitt Elvirksomhetsregister. Vi er også sertifisert av DNV GL når det gjelder brannforebyggende elkontroll av boliger og industri.

Vidare er Norheimsund Elektro AS medlem i Elkonor – ein medlemsstyrt elektrokjede for uavhengige elektrikerbedrifter. Vi har og sentral godkjenning for insallasjon av brann og nødlys.

Smarte og trygge løsninger til riktig pris

Ta kontakt med oss, så hjelper vi deg med å finne de beste løsningene for deg og dine behov.