Installasjon

Norheimsund Elektro AS utfører installasjonsarbeid i hus, hytter, landbruk og industri.

Hovudvekta er på elektroinstallasjon, men vi leverer òg telefonsentralar, brannvarslingsanlegg, alarmar, varmepumper og nettverk for tele og data. Vi deltek òg i større prosjekt.

VARMEPUMPER

Varmepumper er miljøvenleg og straumbesparande. Luft-til-luft varmepumpenes lave investeringsbeløp og pålitelige straumbesparing gjer denne til ei av dei sikraste enøk-invisteringane.

Varmepumper vert stadig meir effektive og aktuelle. Straumprisane har auka, men varmepumper har ikkje vorte dyrare dei siste åra – dette gjer varmepumper til eit smart val for deg som er opptatt av straumrekninga og miljøet.

Norheimsund Elektro AS er ein sertifisert forhandlar av varmepumper, og montørane våre har gjennomgått kurs hos forhandlar innan montering og service av varmepumper.

Vi forhandler Panasonic luft-til-luft varmepumper.

BRANNALARM I LANDBRUKET

Me lagar til eit opplegg som er tilpassa akkurat deg og dine behov. Våre ansatte har vore på kurs innan installasjon og vedlikehald på brannalarm rekna for landbruket, og innehar høg kompetanse. Det tek som kjent svært kort tid frå ein brann bryt ut til bygget er overtent. Dette gjeld kanskje særleg i landbruket. Mange har i seinare tid fått installert brannalarm finansiert gjennom Gjensidige. Dette var ein svært gunstig ordning.

Gå gjerne inn på elotec.no for å lese meir om alarmar, her finn du òg informasjon om gjeldande føresegn.

INNBROTSALARM

Innbrotsalarm har vorte svært aktuelt i private heimar, lik så gjerne som i næringsbygg. I byar er det ein stor andel som allereie har innbrotsalarm. Ein vil i den forbindelse få reduksjon i forsikringskostnadane, om ein har dette montert. Vi hjelper deg med å finne ei løysing.

Gå gjerne inn på teletec.no for å lese meir om innbrotsalarmar.

NAUDLYS

Tilstrekkjeleg belysning og merking i ein nødsituasjon kan være heilt avgjerande for korleis ein farleg situasjon utviklar seg. Mangel på lys ved nettutfall grunna brann eller liknande kan føre til panikk, og forvanske evakuering og redningsarbeid. Ta gjerne kontakt for meir informasjon.